Eg fann, eg fann!

Skrive av Hege Myklebust. i kategorien Pit parion

Hege MyklebustEinar Økland er ein samlar. Heime i huset hans i Sveio i Sunnhordland står samlingane stilte ut for dei heldige som får koma innom. I tillegg til mellom anna gamle blekkboksar samlar han på ord og forteljingar. Dermed vart temaet for årets Falturiltu nettopp: Eg fann, eg fann! Og Økland er festivaldiktar dette året.

Barnehagen med dei gode forteljingane

Skrive av Anette Lauareid Hovda. i kategorien Pit parion

Anette Lauareid Hovda

Det er så kjekt når dei vaksne fortel i barnehagen, det er så kjekt som det høgaste talet som finst, heilt opp til 10-talet! – jente 4 år.
I Småfolk barnehage har me ”barnehagen med dei gode forteljingane” som visjon, og me har arbeidd med forteljing systematisk over fleire år.

Og når me får slike tilbakemeldingar som frå denne jenta, så er det svært viktig at me har eit godt pedagogisk fokus på dette med forteljing og kulturformidling. Og at me i barnehagar prioriterar kompetanseheving på området.

Forteljinga har vore ein del av den norske kulturarven i alle år, og me som vaksne har eit ansvar for at denne kulturarven blir gjort levande i barnehagen.

 Korleis levandegjer me dette, og korleis skapar me engasjerte forteljarar?

Oppskrifta er enkel, og verktøyet har alle lett tilgjengeleg; seg sjølv!

Me vaksne gjer ofte ting vanskelegare enn det dei er, og tenker at ting må vera nøye planlagt, at ein må overgå seg sjølv i kreativitet, spontanitet, at ein må vera dramatisk. Men det er ikkje naudsynt! Borna blir glade for det enkle, dei blir like glade for det tradisjonelle som for det utradisjonelle, dei blir glade for det kreative, men mest av alt blir dei glade for at du gir av tida di! At du anten kan setje deg ned med ei bok og lese høgt, eller fortelje frå når du var lita! Born er eit levande og lydhøyrt publikum som fortener gode forteljingar av engasjerte vaksne!

I Rammeplanen for barnehagar er dette med kultur nedfelt som eit eige fagområde. Der heiter det blant anna at; barnehagen må gi barn høve til å oppleve kunst og kultur og til sjølve å uttrykkje seg estetisk. Å vere saman om kulturelle opplevingar og gjere eller skape noko felles, bidreg til samhøyrsle.

Å bringe forteljing inn i livet til våre barn gjennom bøker, eventyr, segner, m.m er særs viktig i dag når borna får sine inntrykk gjennom tv og data. Her blir dei ”servert” forteljingar utan å måtte tenke og fantasere sjølv. Men ved å lese ei bok høgt for barna, må dei bruke si kreative tenking til å sjølv skape bileta utifrå teksten dei høyrer. Denne kreative tenkinga og fantasiskapinga er noko verdifullt borna alltid vil få bruk for. Det er og med på å styrke språket, den sosiale kompetansen, og er ein styrke for fellesskapet generellt. Å samlast rundt ei bok kjennest godt både fort store og små.

Eg oppfordrar difor alle til å fortelja gode forteljingar til borna kvar dag!

Anette Lauareid Hovda, Eigar og dagleg leiar Småfolk barnehage

Troll med ord – leik med språk i barnehagen

Skrive av Berit Drejer. i kategorien Pit parion

Berit Drejer Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland

Arbeid med språk er ei av kjerneoppgåvene til barnehagar, og det er mange gode måtar i dette arbeidet. Bergetippen barnehage i Aukra kommune har utvikla metode og materiell for å auke barna sitt ordtilfang. Ordtrolla Stein og Symre samlar på ord overalt. Ei natt kvar veke kjem dei til barnehagen og gøymer eit brev med nye ord, og dagen etter er alle barn frå 1 til 5 år på jakt etter trollbreva med ord i.

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.