Troll med ord – leik med språk i barnehagen

Skrive av Berit Drejer. i kategorien Pit parion

Berit Drejer Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland

Arbeid med språk er ei av kjerneoppgåvene til barnehagar, og det er mange gode måtar i dette arbeidet. Bergetippen barnehage i Aukra kommune har utvikla metode og materiell for å auke barna sitt ordtilfang. Ordtrolla Stein og Symre samlar på ord overalt. Ei natt kvar veke kjem dei til barnehagen og gøymer eit brev med nye ord, og dagen etter er alle barn frå 1 til 5 år på jakt etter trollbreva med ord i.

Lesarar treng gode bøker – og omvendt

Skrive av Arild Torvund Olsen. i kategorien Pit parion

Arild Torvund Olsen Nynorske barnebøker held fram med å halda høg kvalitet. Det siste året har mellom anna gjeve oss perla Jakob og Neikob – Tjuven slår tilbake av Kari Stai, ei flott biletbok som vann både Kritikarprisen og Brageprisen. Andre godbitar frå året som gjekk, er Anna R. Folkestad sine herlege bøker (og appar) om dei to pingvinane Unni og Gunni, enkle bøker som byggjer opp eit sjarmerande, særprega visuelt univers. Eit anna særprega visuelt univers finn me i Elin Grimstad si Månen som ville lyse som ei sol, ei poetisk bok der illustrasjonane er laga ved hjelp av hundrevis av utklipte papirbitar. Desse tre titlane er berre nokre smakebitar, for i fjor kom det ut kring tjue nye, nynorske biletbøker. Storparten av utgjevingane var av det eg vil kalla særs høg kvalitet, bøker med flotte illustrasjonar og gode forteljingar som både borna og dei vaksne liker.

Ein ordspion i barnehagen

Skrive av Petra J. Helgesen. i kategorien Pit parion

Helga J. Petersen

I språkåret 2013 er eg så heldig at eg får samarbeide med ein gul- og turkisstripa katt. Tunkatten Lurivar er ein ordsamlar og ein luring, og han har eit stort språkleg medvit.

Slik sett liknar han på ungar i barnehagen. Dei er også opptatt av språket sitt og korleis det liknar eller skil seg frå anna språk. Dei arbeidar med språket sitt kvar dag, heile tida.

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.