Eit stort og skummelt mål

Skrive av Anna R. Folkestad. i kategorien Pit parion

Anna R. Folkestad – Så Anna?
– Ja?
– Kunne du ha sagt noko om det å vera barnebokforfattar, illustratør og småbarnsmor?
– Eg er jommen ikkje sikker du, men eg skal prøva.
For meg byrja draumen om å få laga barnebøker då eg fekk born sjølv.
Eller, ikkje med ein gong, sjølvsagt. I byrjinga tusla eg rundt i ei altoppslukande ammetåke og var særs nøgd med det.
Det var då eldstemann fekk ei Bø og Bæ-bok (Bø og Bæ gjer reint, for å vera heilt presis) til 2-årsdagen, at eg fekk auga opp for slike små og enkle bøker.

Dei nynorske barnesongane

Skrive av Arild Torvund Olsen. i kategorien Pit parion

Arild Torvund Olsen, NynorsksenteretNynorske songar er ein flott måte å verta kjend med språket på. Og songtekstane me lærer i barndomen, er gjerne av dei tekstane me hugsar best, livet gjennom. Nynorsksenteret lanserte nyleg den flotte, nyskrivne barnesongen Dagane, der diktaren Hilde Myklebust har skrive eitt vers om kvar av dagane i veka. Songen kan lastast ned gratis frå vevsida til Nynorsksenteret:

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.