Dikt med sprett

Skrive av Janne Karin Støylen. i kategorien Pit parion

I 2008 var det hundre år sidan Olav H. Hauge vart fødd. I 2007 feira vi 100-årsjubileet for Halldis Moren Vesaas. Begge åra illustrerte biletkunstnaren Inger Lise Belsvik dikt dei skreiv for born, i to jubileumsutgjevingar. ”Illustrasjonane skal ikke si det diktet sier en gang til, ikke tvære det ut, men gi det noe å sprette mot,” seier ho. Dei gamle dikta får ny sprett i romma mellom tolking og meddikting som Belsvik sine bilete inviterer lesarane inn i.

Stad og identitet

Skrive av Nils Tore Økland. i kategorien Pit parion

Mang ein gong har eg støytt på barnehagebarn på vandring. I små flokkar ferdast dei på vegar og stiar i nærmiljøet. Ut på tur er eit viktig element i barnehagekulturen her i landet, og barnehagepedagogen er turleiar. Stundom tenkjer eg på om dei også er vegvisarar inn i kulturlandskapet, og om barna blir gitt nok tid til å oppdaga, oppleva og gjera erfaringar slik at dei erobrar stadene i sin barndoms landskap.

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.